Preview
Click to preview Fabelaktige tredjeklassinger photo book

Vikingar som seglar jorda rundt for å smaka på graut, ein hage kor trea skyt opp

or jorda. Og ei katt som dansar breikdans på ei ku med ei høne på hovudet.

Dinosauregg, snakkande gulleple og ein tjuvaktig slange. Sjølvsagt visste vi at

tredjeklassingar er fabelaktige forteljarar. Vi hadde ei sterk aning om at dei kunne

tegne og. Det var difor vi hadde så himla lyst til å lage denne boka. Heldigvis

tykte ”Den Kulturelle Skulesekken” i Fjell og Øygarden og at det var ein god ide.

Våren 2013 vitja vi fire tredjeklassar i dei to kommunane og katalyserte prosessen

som førte til det du nå held i handa.

Akkurat kor fantasmorgastiske disse ungane er, må du sjølv finne ut medan du les

og blar. Vi vil i korte trekk forklara korleis vi som prosjektoppfinnarar har gått fram:

I utgangspunktet blei gruppestorleiken satt til maksimum 15 elevar. Som de sikkert

vil sjå I boka blei denne forutsetninga tøya noko. Vi må difor skryte litt ekstra av

tolmodet til elevar, lærarar og oss sjøl. 90 minuttar er lenge å sitte stille og lytte til

kvarandre!

Vi starta med å setje oss ned på store mjuke putar i ein ring. Gurianna ga nokre tips

om korleis dei best skulle fantasera saman og spela musikk for å inspirere borna.

Forteljinga kom farande setningsvis, og med rekkefølga i ringen som kronologi.

Borna kunne bruke terningar med bilete på (storycubes) om dei ville. Gurianna

støtta med små spørsmål for å hjelpe borna med historia. Ho spurde om kva dei

trudde skulle skje vidare og om dei kunne fortelje kva vi kunne sansa I historia. Og

ho freista å få historia til å henge saman og få ein start, midtdel og ein slutt. Monica

satt og noterte i eventyrleg fart for å halde tritt med dei ivrige tungane. .......

ermton

About the Author

ermton
ermton

Comments (0)

Quantity

Blurb Sites

© 2014 Blurb